fredag 23. mars 2007

Tikken


Okey, to bloggar på ein dag, for godt til å vere sant? Jaja, får så vere.
Eg har blitt tatt i tikken. Tikk meg her og tikk meg der. Det går ut på at ein skal seie 6, seks, rare ting om seg sjølv. I går spurde eg Mari om ho kunne seie seks rare ting om meg, ho sa: "ehm... (lang tenkjepause) ...nei." Burde eg vere skuffa? Ja, burde vel kanskje det. Men eg skal gjere eit heiderleg forsøk på eigenhand.

1. Eg er ein liten rotekopp. Eg likar det ikkje, men eg er det.

2. Eg gløymer stort sett eg alt eg skal på. Hadde det ikkje vore for Mari var det nok mange ymse plassar eg var invitert til eg ikkje hadde dukka opp. (All honnør til deg Mari)

3. I staden for å gjere konstruktive ting kan eg kaste vekk altfor mykje tid på Internett, for eksempel spele nettspel.

4. Eg syng og plystrar mykje. Ofte på heilt usaklege ting, kanskje til andres forarging, men har aldri fått nokon respons på det. Reknar med eg kjem til å fortsett med det.

5. Når eg blir svolten blir eg unormalt tom for energi, dett heilt vekk i min eiga verd. Slapp og trøtt og gretten. Straks eg får i meg mat blir humøret fleire hakk betre.

6. Sist, men ikkje minst, eg har ein ekstrem tendens til å alltid gå for det gode gamle, det trygge og vande. Dette fører ofte til frustrasjon frå blant anna Mari si side, då eg velgjer fårepølse og majones i staden for Philadelfia, fårepølse, agurk, tomat, ein liten fetaostbit og det heile toppa med granateple eddik. Kall meg gjerne tradisjonalist.

Om nokon har noko betre forslag er det berre å ymte frampå i kommentarfeltet, så skal eg sjå om eg kan bytte ut nokon av punkta. Kan vere litt fleksibel!

Shining


Kanskje fleir enn meg som syntes det er på tide med ein ny blogg? Den rette inspirasjonen kom akkurat over meg. Den dalte ned i meg i det eg satt på den nye CD-en til Shining, nemleg Grindstone (takk skal dokke ha Magnus og Møyfrid!) Dette blir ein slags oppfølgingsblogg frå den føregåande bloggen.

Shining blir av mange karakterisert som eit jazzband, sjølv skriv dei på MySpace at dei er eit eksperimentelt progressivt jazzband. Når eg sjølv høyrde på dette albumet fyrste gongen var det vanskeleg for meg å tenkje at dette var jazz. Harde gitarriff med mykje fuzz og override, aggressive trommer og mykje eksperimentering med lyd. Enorm progressivitet og ei energimengde som glatt kan samanliknast med det vi finn i den beste rocken. Musikken deira vil nok av mange karakteriserast som støy. Det fyrste VGs annmelder, Espen A. Hansen, skriv om CD-en er: ”ikke musikk for Gud og hvermann.” Videre skriv Hansen ”Shine sysler med musikk som ikke uten videre lar seg båssette. Det ville vært et drømmeband for en villmann som Mike Patton. Det handler om syrejazz, progrock, speedmetal og samtidsmusikk”.

Det viser seg altså at fleir har problem med å båssette Grindstone, men kva betyr dette? Slik eg ser det, er vi midt oppi ein diskusjon om dette kan kallast jazz, akkurat slik diskusjonen om ’Bop’ gjekk på 40-tallet. Vi er konservative av natur og har vanskeleg for å opne oss for nye ting. Grindstone av Shining er eit album som speler på desse grensene i den menneskelege naturen. Den har heilt klart element frå jazz, deriblant instrumentering, temabruk og rytmikk. Men dei fleste elementa er henta frå mange andre sjangrar. Nokon vil kanskje seie at dei andre sjangrane overdøyver jazzen, men slik eg ser det er det meir i jazz enn berre musikken. Det er veldig lett å tenkje at jazz er ein spesiell sjanger, at jazz er standardlåtar, at jazz er improvisering og at jazz er vakkert, men eg meiner at jazz er noko meir, noko som ligg bak sjølve musikken. Jazz er ein måte å tenkje på, det er eit levesett og ein grunntanke bak musikk. Det er ein måte å formidle på og det handlar om korleis musikken blir presentert, ikkje nødvendigvis korleis den høyrest ut.

Om du tenkjer på vanleg ’standard’ jazz, vil eg ikkje kalla Grindstone noko jazzalbum, men om du tenkjer bakom musikken, der sjanger ikkje spelar så stor rolle, kan Grindstone kallast jazz. Dette er måten Shining vil presentere jazz på. Dette er kva dei tenkjer om jazz, deira syn på musikken. Med dette albumet presenterer dei ei ny side av jazz som ikkje vi er vande med. Dei bryt mange normer og ’fordommar’ vi har om jazz. Er vi opne for å ta dette inn under jazzens vingar? Eg vil nok driste meg til å seie ja.