fredag 23. mars 2007

Shining


Kanskje fleir enn meg som syntes det er på tide med ein ny blogg? Den rette inspirasjonen kom akkurat over meg. Den dalte ned i meg i det eg satt på den nye CD-en til Shining, nemleg Grindstone (takk skal dokke ha Magnus og Møyfrid!) Dette blir ein slags oppfølgingsblogg frå den føregåande bloggen.

Shining blir av mange karakterisert som eit jazzband, sjølv skriv dei på MySpace at dei er eit eksperimentelt progressivt jazzband. Når eg sjølv høyrde på dette albumet fyrste gongen var det vanskeleg for meg å tenkje at dette var jazz. Harde gitarriff med mykje fuzz og override, aggressive trommer og mykje eksperimentering med lyd. Enorm progressivitet og ei energimengde som glatt kan samanliknast med det vi finn i den beste rocken. Musikken deira vil nok av mange karakteriserast som støy. Det fyrste VGs annmelder, Espen A. Hansen, skriv om CD-en er: ”ikke musikk for Gud og hvermann.” Videre skriv Hansen ”Shine sysler med musikk som ikke uten videre lar seg båssette. Det ville vært et drømmeband for en villmann som Mike Patton. Det handler om syrejazz, progrock, speedmetal og samtidsmusikk”.

Det viser seg altså at fleir har problem med å båssette Grindstone, men kva betyr dette? Slik eg ser det, er vi midt oppi ein diskusjon om dette kan kallast jazz, akkurat slik diskusjonen om ’Bop’ gjekk på 40-tallet. Vi er konservative av natur og har vanskeleg for å opne oss for nye ting. Grindstone av Shining er eit album som speler på desse grensene i den menneskelege naturen. Den har heilt klart element frå jazz, deriblant instrumentering, temabruk og rytmikk. Men dei fleste elementa er henta frå mange andre sjangrar. Nokon vil kanskje seie at dei andre sjangrane overdøyver jazzen, men slik eg ser det er det meir i jazz enn berre musikken. Det er veldig lett å tenkje at jazz er ein spesiell sjanger, at jazz er standardlåtar, at jazz er improvisering og at jazz er vakkert, men eg meiner at jazz er noko meir, noko som ligg bak sjølve musikken. Jazz er ein måte å tenkje på, det er eit levesett og ein grunntanke bak musikk. Det er ein måte å formidle på og det handlar om korleis musikken blir presentert, ikkje nødvendigvis korleis den høyrest ut.

Om du tenkjer på vanleg ’standard’ jazz, vil eg ikkje kalla Grindstone noko jazzalbum, men om du tenkjer bakom musikken, der sjanger ikkje spelar så stor rolle, kan Grindstone kallast jazz. Dette er måten Shining vil presentere jazz på. Dette er kva dei tenkjer om jazz, deira syn på musikken. Med dette albumet presenterer dei ei ny side av jazz som ikkje vi er vande med. Dei bryt mange normer og ’fordommar’ vi har om jazz. Er vi opne for å ta dette inn under jazzens vingar? Eg vil nok driste meg til å seie ja.

2 kommentarer:

Mari sa...

altfor dårlig at du ikkje har fått nåkke kommentar her før!! du har jo skrevet en kjempebra artikkel om et band du virkelig har falt for. og det e bra! du e blitt mye mer reflektert og analyserende og engasjert og kverulerende enn før! og det e også bra! -søsemaripari-

Anonym sa...

Heihei!
Eg burde svart på denne artikkelen for lenge sida, men såg han ikkje før i dag faktisk.

Må sei det er ein veldig bra artikkel. Veldig interessant det du seier om kva jazz eigentleg er, og brukar Shining som eit eksempel. Faktisk noko å tenkje på; "kva er jazz?".

For 0,5 år sidan hadde eg ikkje peiling på kva eg skulle svare. I dag etter både å ha lært om jazzhistorie, spelt ein del jazz og lest kva du, Torje, skriver, har det gått opp eit lys for meg. No kan eg tenkje på jazz på ein måte som gjenspeiler verksemda på ein god måte. Mykje takka vera deg Torje.

Jazz er faktisk veldig fascinerande, inspirerande og er veldig viktig for den uttrykksfulle musikken. forskjellar alt frå munter swing-jazz til fusion og "Shining-jazz". Herlig!

Eg er glad eg har fått auga opp for jazz.