tirsdag 29. januar 2008

Menneskets naturlege egoisme

Eg kjem til å kome med ein dryg påstand no, men eg vil greie ut mine meiningar om akkurat denne påstanden. Håpar nokon les bloggen og vil kome med eventuelle motvendingar mot desse synspunkta. For å gjere det klart; eg prøver ikkje å forsvare egoisme...

Påstand
Eg meiner at menneskje ikkje er i stand til å gjere handlingar utan egoistiske baktankar eller vinning for sjølvet, og at vi difor ikkje er i stand til å gjere ei handling som er 100% god.

Definisjon
Ut i fra wikipedia karrakteriseras egoisme som ein etisk doktrine som hevdar at det er riktig å handle på ein slik måte at det tener den som handlar.

Kva meiner eg med dette?
Eg meiner då at alle handlingar vi gjer, egoistisk eller ikkje, vil i ytterste konsekvens tene oss sjølve. Ta for eksempel nokon som vier livet sitt til å hjelpe fattige menneskjer i Afrika. Dette blir rekna som ei veldig lite egoistisk handling. Den kan gjerne bli definert som altruistisk - ei handling som tener samfunnet, då man reiser – gitt at personen er norsk – frå eit trygt og rikt land, til vanskeligare kår for å hjeøpe andre. Det er ingen tvil om at dette er ei veldig god handling. Men det betyr ikkje at det er utan egoistisk vinning. Kvifor dreg denne personen til Afrika? Eg meinar at den personen, innerst inne, dreg til Afrika for å betre sit eige samvit. Personen opplever dårleg samvit fordi han er frustrert over korleis menneskjer blir behandla rundt omkring i vera. Med andre ord, det vil vere ei egoistisk handling fordi han vil betre sin eigen samvit. Eg tenkjer altså at alle handlingar vi gjer vil vere påverka av eiga personleg tilfredstilling.

Det kan hende dette er feil definisjon av egoisme, og at eg trekk definisjonen for langt. Slik samfunnet definerar egoisme vil ein person som reiser til Afrika for å hjelpe andre bli rekna som alt anna enn egoisitisk. Han tener samfunnet, ikkje seg sjølv. Men det han gjer vil ikkje bli rekna som 100% godt, då, slik eg ser det, må ei handling som skal vere 100% god ikkje må vere påverka av eiga vinning. I ytterste konsekvens er da mennsekjet ikkje i stand til å gjere ei 100% god handling, fordi vi alltid vil vere påverka av vår eigen samvit.

Nokre innvendingar?