tirsdag 29. januar 2008

Menneskets naturlege egoisme

Eg kjem til å kome med ein dryg påstand no, men eg vil greie ut mine meiningar om akkurat denne påstanden. Håpar nokon les bloggen og vil kome med eventuelle motvendingar mot desse synspunkta. For å gjere det klart; eg prøver ikkje å forsvare egoisme...

Påstand
Eg meiner at menneskje ikkje er i stand til å gjere handlingar utan egoistiske baktankar eller vinning for sjølvet, og at vi difor ikkje er i stand til å gjere ei handling som er 100% god.

Definisjon
Ut i fra wikipedia karrakteriseras egoisme som ein etisk doktrine som hevdar at det er riktig å handle på ein slik måte at det tener den som handlar.

Kva meiner eg med dette?
Eg meiner då at alle handlingar vi gjer, egoistisk eller ikkje, vil i ytterste konsekvens tene oss sjølve. Ta for eksempel nokon som vier livet sitt til å hjelpe fattige menneskjer i Afrika. Dette blir rekna som ei veldig lite egoistisk handling. Den kan gjerne bli definert som altruistisk - ei handling som tener samfunnet, då man reiser – gitt at personen er norsk – frå eit trygt og rikt land, til vanskeligare kår for å hjeøpe andre. Det er ingen tvil om at dette er ei veldig god handling. Men det betyr ikkje at det er utan egoistisk vinning. Kvifor dreg denne personen til Afrika? Eg meinar at den personen, innerst inne, dreg til Afrika for å betre sit eige samvit. Personen opplever dårleg samvit fordi han er frustrert over korleis menneskjer blir behandla rundt omkring i vera. Med andre ord, det vil vere ei egoistisk handling fordi han vil betre sin eigen samvit. Eg tenkjer altså at alle handlingar vi gjer vil vere påverka av eiga personleg tilfredstilling.

Det kan hende dette er feil definisjon av egoisme, og at eg trekk definisjonen for langt. Slik samfunnet definerar egoisme vil ein person som reiser til Afrika for å hjelpe andre bli rekna som alt anna enn egoisitisk. Han tener samfunnet, ikkje seg sjølv. Men det han gjer vil ikkje bli rekna som 100% godt, då, slik eg ser det, må ei handling som skal vere 100% god ikkje må vere påverka av eiga vinning. I ytterste konsekvens er da mennsekjet ikkje i stand til å gjere ei 100% god handling, fordi vi alltid vil vere påverka av vår eigen samvit.

Nokre innvendingar?

14 kommentarer:

Anonym sa...

trur du har rett i mykje av dette!

Anonym sa...

Interessant innlegg!
Eg er enig i at mennesket har ei naturlig egoisme i seg. Heldigvis. Kunsten er å finne balansen.

Men kven sei at ei handling må vere 100% god? Treng ei handling å vere det for å kome andre til nytte? Er ikkje det berre bra dersom ei handling kan komme to partar til nytte - bådde den som utfører og den som tar i mot?
Kva med organdonasjon - er det og for å lette sitt eige samvit?
Og om så er, og dette da ikkje er ei 100% god handling, så vil vel det ha mindre betydning for mottakeren.
Naturlig egoisme, ja. Men gjer det noko?

Torje sa...

takk for innlegg! Eg meiner ikkje at ei handling må vere 100% for at den skal reknast som god, absolutt ikkje, men berre at ei handling ikkje kan vere 100% god. Så lenge handlinga kjem andre til nytte er det det einaste viktige, i alle fall i det verkelege liv.

Interessant poeng om organdonasjon, og det er i ei gråsone. Slik eg ser det er problemet at man er daud etter at organet er donert, og ein kan difor ikkje vere tilfreds med resultatet av avgjerda. Er enig at det er ei lite egoistisk handling...

Naturleg egoisme gjer absolutt ingen ting:-)

Nils Ingar sa...

tja, den einaste eg kjem på som greier det er vel Jesus.

Eg trur ikkje Jesus vart menneske for å tjene på det. Han var Gud og hadde alt, altså trengte han ingenting...

filipperbrevet 2:6-8
"Han var i Guds skikkelse
og så det ikke som et rov
å være Gud lik,
men ga avkall på sitt eget,
tok på seg tjenerskikkelse
og ble mennesker lik.
Da han sto fram som menneske,
fornedret han seg selv
og ble lydig til døden, ja, døden på korset."

Absolutt noko å strekke seg etter...

Torje sa...

Ja, hadde tenkt å ta det inn i teksten, men gjorde det ikkje. Eg tenkjer at han er den einaste som har gjort gjerningar som er 100% gode - uten påverknad av eiga vinning, men kun til det beste for menneska.

Fascinerende fyr:-)

Mari sa...

Du har mange fine tankar:)

Anonym sa...

Bra filosofiske tanker torje. Men kan glede alltid karakteriseres som egoisme? Blir det ikke feil og si at latter er egoistisk? Hvis definisjonen av egoisme er å handle slik at handlingen i bunn og grunn gavner deg selv, hvorfor velger noen å leve i sorg? Er en negativ handling en påfører seg selv egoistisk? Arne N.

Torje sa...

Glede treng ikkje alltid vere egoistisk, nei. Det er jo ikkje egoistisk om ein framand person seier at du har ein fin genser, men om du sei det til han meiner eg at det ligg nokre egoisitiske tankar til grunne.

Ein kan spør kvifor personen som gjer ei destruktiv handling mot seg sjølv handlar på den måten han gjer. Slik eg ser det ligg det alltid ei meining bak handlinga. Kanskje eit skrik etter merksemd? Til sjuande og sist handlar handlinga om han sjølv, altså vil den vere egoistisk. Ved å gjer denne handlinga gangnar han ikkje samfunnet. Han tenkjer kun på seg sjølv. Ei egoistisk handling treng dermed ikkje berre å ver positiv for sjølvet, men også negativ.

Problemet er kanskje generelt at egoisme er eit dårleg begrep i denne samanhengen, då det omfamnar for mykje. I tillegg har ein allereie klåre formeiningar om kva egoisme er.

Forslag til andre begrep?

Torje sa...

Forresten veldig hyggeleg at dykk legg inn så flotte kommentarar:-) Hadde vore kjekt å vite kven dykk er også... :-)

Anonym sa...

Eg like å kalle meg Arne N, men d e egentlig bare sindre:)

Nils Ingar sa...

Vi menneske operer under noko som heiter begrensa rasjonalitet. Det betyr at ikkje alle ting vi gjer er gjennomtenkte. Faktisk så tenker vi ofte gjennom kva som var poenget med ei handling i etterkant, (rasjonalisme). Så kan ein når ein gjer ein ikkje-gjennomtenkt handling påstå at den handlinga er egoistisk? Krev ikkje egoisme ein viss form for refleksjon? At eg faktisk har utbytte av ei handling.

Mari sa...

Morsomt at du har fått så mange kommentarer, Torje. Akkurat derfor tenkte jeg at jeg skulle lese gjennom innlegget ditt en gang til. Oppdaget at der er en mulig feil i innlegget ditt. Du skriver at en handling ikke kan være "100% god". Du mener vel at en handling ikke kan være 100% uegoistisk? En handling blir jo ikke mindre god selv om der ligger snev av egoistiske ubevisste/bevisste tanker bak? Jeg mener iallefall at en handling kan være helt og fullt god, selv om der, ja, som oftest, eller alltid, vil være egoisme i bildet...

Nils Ingar: Som regel vil vi vel ikke utføre en handling som ikke har noen postiv effekt på oss selv? Så om handlingen er rasjonell eller ikke, vil den vel uansett gagne oss selv på et vis.

Mye av problematikken ligger vel stort sett i hvordan man definerer egoisme.

Ole Bjarne sa...

Godt innlegg!

Jeg svarer selv om det er lenge siden du skrev det.

Jeg tror at alt dette avhenger av hvordan du definerer egoisme. For meg er egoisme når jeg gjør eller tenker noe som bunner i at det gagner meg selv på en eller annen måte. Etter min definisjon er altså ingenting jeg gjøre eller tenker uegoistisk.

Likevel tror jeg man kan dele egoismen inn i to deler. Den som går ut over andre og den som gavner andre. Når noe du gjør ut fra en egoistisk tanke (eks dårlig samvittighet/penger til de fattige) har positiv innvirkning på livet til målet for handlingen og du vet det skaper dette en positiv virkning i deg som overskygger den lille egoismen som startet handlingen. Å være god mot andre, selv om det ikke er 100%, gjør noe med oss mennesker. Vi får et innblikk i et annet menneskes glede. Dette gjør at vi også kan forstå andre menneskers smerte/sorg. Noe som fører til empati og til at egoismen blir mindre fremtredende.

Jeg tror ingen mennesker kan gjøre en helt god/uegoistisk gjerning. Untatt Jesus da...

Anonym sa...

Alt vi gjer er egoistisk ja. Enig. Dette har eg og ei venninde diskutert litt og komt fram til det same..At uansett kva ein gjer er det mykje for seg sjølv. Også om ein faktisk gjer noko ein blir lei seg av eller blir ulykkelig av. Altså ei god gjerning som gjer at ein sjølv må ofre mykje, som då kan føre til at ein blir lei ER egoistisk. Du gjer det for å glede nokon og dermed føler deg sjølv bra med å gjere det. Å dette er sjølvsagt ein BRA ting. Vi kan gjere ting som er 100% gode, men som ho Phoebe sei i ''Friends'': There is NO selfless good deed. Og det meiner eg også stemmer.