
Eg har akkurat lese ferdig ei bok som heiter Klimaet. Den er skriven av Per Engene, ein pensjonert rektor med hovudfag i biologi. I denne boka tek han føre seg naturlover som tilseier at menneska ikkje har nokon innverknad på klimaet. Han seier at ”klimagassen” CO2 berre er bra for vegetasjonen på jorda, og at den ikkje fører til ei forderving av jorda, slik mange klimatologar hevdar. Han skriv også om FNs klimapanel, som baserar sine rapportar på gale tal, og at rapportane deira består meir av synsing enn av fakta. Per Engene er ein aktiv person også på internett, og deltek på fleire forum. Her er det livlege debattar rundt desse klimaspørsmåla. Enkelte meiner menneska er den store syndaren, mens andre meiner at det er andre faktorar som menneska ikkje kan gjere noko med, som styrer klimaet.
I denne prosessen med å prøve å setje meg inn i denne debatten dukkar det opp nokre essensielle spørsmål omkring vitskapen. Vitskapen skal stadfestast ut i frå faktiske observasjonar. Den skal vere udiskutabel. Om noko ikkje kan bevisast med hjelp av observasjonar, då har det ikkje vitskapeleg hold. Korleis kan det då vere ein debatt omkring klimaspørsmålet, og andre viktige spørsmål? På ei side har vi klimapanelet som seier at det er 90% sannsynleg at menneska påverkar klimaet. På den andre sida har vi personar, som Per Engene, som er sterkt ueinige i dette. Begge partar har sine respekterte forskarar i ryggen, og begge meiner dei har svaret.
Spørsmålet mitt er da: Kan noko vere vitskapeleg når det blir debattert? Når det blir debattert vil jo det vere usmed omkring emna, og usemd kjem som ein konsekvens av uvissheit, uvissheit som ikkje skulle vere til stades innanfor vitskapeleg konklusjonar.
Eit anna spørsmål som då dukkar opp er: Korleis kan aviser og ymse media skrive at ”menneska er klimaverstingar”, når det nødvendigvis ikkje er riktig? Eg skal ikkje begynne ein debatt omkring klimaspørsmålet no, men eg seier at det er vanskeleg for oss vanlege personar å gjere oss opp ei meining om vitskapelege spørsmål, når ikkje ein gong forskarane klarar det.
Har vitskapen fått ei altfor stor rolle i dagens samfunn, eller bør vi stole blindt på alt dei kjem med. Er mennesket i stand til å svare på alle dei store spørsmåla som vi stiller oss?

