
Eg har akkurat lese ferdig ei bok som heiter Klimaet. Den er skriven av Per Engene, ein pensjonert rektor med hovudfag i biologi. I denne boka tek han føre seg naturlover som tilseier at menneska ikkje har nokon innverknad på klimaet. Han seier at ”klimagassen” CO2 berre er bra for vegetasjonen på jorda, og at den ikkje fører til ei forderving av jorda, slik mange klimatologar hevdar. Han skriv også om FNs klimapanel, som baserar sine rapportar på gale tal, og at rapportane deira består meir av synsing enn av fakta. Per Engene er ein aktiv person også på internett, og deltek på fleire forum. Her er det livlege debattar rundt desse klimaspørsmåla. Enkelte meiner menneska er den store syndaren, mens andre meiner at det er andre faktorar som menneska ikkje kan gjere noko med, som styrer klimaet.
I denne prosessen med å prøve å setje meg inn i denne debatten dukkar det opp nokre essensielle spørsmål omkring vitskapen. Vitskapen skal stadfestast ut i frå faktiske observasjonar. Den skal vere udiskutabel. Om noko ikkje kan bevisast med hjelp av observasjonar, då har det ikkje vitskapeleg hold. Korleis kan det då vere ein debatt omkring klimaspørsmålet, og andre viktige spørsmål? På ei side har vi klimapanelet som seier at det er 90% sannsynleg at menneska påverkar klimaet. På den andre sida har vi personar, som Per Engene, som er sterkt ueinige i dette. Begge partar har sine respekterte forskarar i ryggen, og begge meiner dei har svaret.
Spørsmålet mitt er da: Kan noko vere vitskapeleg når det blir debattert? Når det blir debattert vil jo det vere usmed omkring emna, og usemd kjem som ein konsekvens av uvissheit, uvissheit som ikkje skulle vere til stades innanfor vitskapeleg konklusjonar.
Eit anna spørsmål som då dukkar opp er: Korleis kan aviser og ymse media skrive at ”menneska er klimaverstingar”, når det nødvendigvis ikkje er riktig? Eg skal ikkje begynne ein debatt omkring klimaspørsmålet no, men eg seier at det er vanskeleg for oss vanlege personar å gjere oss opp ei meining om vitskapelege spørsmål, når ikkje ein gong forskarane klarar det.
Har vitskapen fått ei altfor stor rolle i dagens samfunn, eller bør vi stole blindt på alt dei kjem med. Er mennesket i stand til å svare på alle dei store spørsmåla som vi stiller oss?
5 kommentarer:
testing testing one two three
Hører ikke på 80 årige kverulanter med Alzheimer, jfr. Engene.
Har nettopp lest denne boka til P. Engene. Engene påstår selv at han har greie på naturlovene, boka er et langt sammenhengende bevis på at han nok ikke har det. Han roter sammen fakta og påstander, med en argumentasjon som bevisst prøver å underslå det som vitenskapen vet om klima.
Et moment som P.Engene helt overser er at man kan direkte måle hvor den økte CO2 mengden i atmosfæren stammer fra. Dette har med isotop sammensetningen i CO2 å gjøre. Undersøkelser her viser helt klart at CO2 i atmosfæren har økt som følge av bruk av fossilebrennstoff. Siden vi vet (bortsett fra P. Engene som ikke ser ut til å forstå naturlovene på dette området, selv om dette har vært kjent i drøyt hundre år) hvordan CO2 fungerer som en drivhusgass i atmosfæren.
I sin beskrivelse av drivhuseffekten viser boka grov uforstand.
Dette er enten totalt mangel på innsikt i mekanismene som regulerer klimaet, eller som jeg tror er dette bevisst manipulering.
Vil du lese om klima ikke start med denne boka.
Morosamt at fleir har lest dette innlegget. Eg seier ikkje at P. Engene har rett i alt han seier, seier heller ikkje at eg har noko som helst vitenskapeleg bakgrunn for å delta i denne debatten. Eg meinar derimot at det er interessant å sjå p å vinklinga media har på denne saka, og at det heile har blitt veldig påverka av politikk. Det er fortsatt ein debatt omkring påverkninga av temperatur og C02, sjølv om det ikkje verkar slik. Berre sjå på artikkelene i E24.no, http://e24.no/makro-og-politikk/article2182808.ece
her viser ein at debatten ikkje er over, sjølv om politikerar og miljøvernarar meiner det.
Hovudpoenget mitt er at det er viktig ikkje å sjå seg blind på alt det media trekker fram, og at det er viktig å trekke tankegangen lengre enn berre på det overfladiske.
BBC dokumentar om skandalane rundt klimaforskningen der dei intervjuar polarforskarar i fleng burde vær interessant for dei fleste og få med seg. Nyanser er bra i en debatt. Og ja Torje, du har helt rett. Den dag i dag eksisterer det heftige debatter på om hvorvidt evolusjon er et faktum eller ikke. Det er helt vanvittig hvor mye som aldri har blitt bevist, men som "alle" tar for gitt fordi "vitenskapsmenn" har sagt at det er riktig!!!
Legg inn en kommentar