Eg studerar altså musikkvitskap. Det høyrest kanskje litt drøyt ut å lage ein eigen vitskap for musikk, men det har altså blitt gjort og eg studerar denne vitskapen. Eg veit ikkje om det er slik, men det er kanskje nokon av dykk som lurer på kva musikkvitskap er. Det skal eg skriva om no.
For det første er musikvitskap altså ein vitskap. At det er ein vitskap inneber mykje forsking. Forsking er kort forklart ei utarbeiding av ei hypotese som endar i ein konklusjon eller eit resultat om emnet som er forska på. Musikkvitskap baserar seg altså på forskjellig forsking rundt musikk. Dette kan vere veldig mykje. Det blir forska på kva som fengjer med populærmusikk, og det blir forska på om man kan høyre i Bachs musikk om han var homofil. Det har også blitt skrive artiklar om kvifor det stort sett berre er mannlege jazzinstrumentalistar og kvifor det er så få av desse utøvarane som er homofile. (Forskarane kom fram til at samspelet er så intenst at menneske med grunnlag for å bli homofile får utløp for den nærheita dei treng via musikken.) Det blir forska på kva det er med pop som fengjer, og om det er ei oppskrift på korleis ein lagar ein god poplåt. Kvifor alle menneske har eit forhold til musikk, og kvifor musikken er ein så viktig del i dei fleste samfunn. Det er altså eit veldig bredt spekter innen for musikkforskinga og ikkje alt er interessant for alle, mykje er for spesielt interesserte, men mykje kan også vere god kunnskap for ein vanleg mann i gata.
Det kan med første augekast verke litt merkeleg å ha ein musikkvitskap. Musikkvitarar skaper jo tross alt ikkje mykje musikk, dei berre har ei meining om noko andre skapar. Men går ein litt djupare inn i det, er forskinga ein viktig del av musikken. Det er musikkvitskapen som har kome fram til musikkteorien vi brukar i dag. Musikkvitskapen har funne fram til musikkhistoria slik vi kjenner den og det er musikkvitskapen som gjer at man mellom anna kan spele barokkmusikk på autentiske instrumenter. Musikkvitskapen er med på å finne nye måtar å formidle og skape musikk på.
Det er sjølvsagt mykje meir musikkvitskapen er viktig for, og det er også sjølvsagt mange aspekt ved dei elementa eg har ramsa opp, men det eg vil fram til, er at musikkvitskap er ein viktig del av musikken og den vil alltid ha noko å seie om kva og korleis vi tenkjer på musikk. Musikkvitskap treng ikkje berre vere for akademikerar på universitet og høgskular, men også for den vanlege mannen i gata. Du er kanskje meir påverka av musikkvitskapen enn du skulle tru.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Ahh... godt å sjå at du skriv nynorsk:)
Det er vel med forskinga som med musikken, det kjem ganske mange dårlege prosjekt for kvart bra. ..Høyre i Bachs musikk om han var homofil? nyttige greier å ha med seg vidare gitt...
Det er på tide å friske oppatt nynorsken:)
Men ja, det er så sant så sant, det er mykje rart ein brukar tid på i denne verda
no har eg lært meg meir om kva det er du eigentleg studerar. ikkje så dumt! ;)
Interessant. Du har peil for å sei det sånn. Gleder meg til å lese om djupe ting her inne.. Good!
Alt bra her i Oslo, Torje? Yeah! Ei lita kunngjering her:
Søndag 4.mars er det foredrag i Misjonssalen kl.13.00 med kreasjonisten Mats Molén. Nokon ildsjeler har klart å skaffe han dit. Han er særs kjend i blant anna svensk media pga sine radikale meiningar. Han har utdanning innan geologi.
Spanande saker.
vitenskap e uansett bra å ha.. tru man føle sej litt klokere då?
Heisann peisann!
Der har du fått deg blogg:) Gleder meg til å følge med! Håper du har det bra ellers
Kjekt å sjå at folk les bloggen:)
Føle en seg klokere med bakgrunn i vitenskapen, eller føre klokheten med seg vitenskap?
Anbefala misjonssalen 4.Mars, kan bli kult:)
Legg inn en kommentar