onsdag 28. februar 2007

Jazz, kva er det?

Om eg nemner jazz til deg vil du umiddelbart danne deg eit bilete av kva eg pratar om. Du vil tenkje på ein spesiell type musikk og ein spesiell måte å framføre musikk på. Kvifor er det slik, og kva er det som fastset kva det er som reknast for jazz?

Scott Devaux tek i sin artikkel "Constructing the Jazz tradition" opp korleis jazz historia har blitt konstruert. Han peiker på at ein raud tråd i historia er lettare å følgje enn ei diffus linje som ikkje peikar ut spesifikke sjangrar som jazz. Sjølv om det verkar sjølvsagt at "bop" i dag reknast for jazz, var det i samtida store diskusjonar om denne sjangeren skulle kallast jazz. Mange meinte at den var for radikal og at den braut for mykje med blant anna tradisjonane innanfor swing. Haldninga som derimot vann igjennom var at ”bopen” kunne brukast i å nærma seg den vestlege kunstmusikken, og med det dermed distansere seg frå populærmusikken og heve jazzen opp på eit "høgare" kunstnarisk nivå.

Det har altså vore vanskelig å definere tidlegare kva som er jazz. Det blir brukt nokre haldepunkt som ofte blir brukt for å definere jazz, desse er til dømes improvisjasjon, samspel, ingen funksjonsharmoniske grenser osv, lista er lang. Nokon av dei fungerar godt, mens andre igjen ikkje er avgjerande for om dei er viktige i avgrensinga av jazzsjangeren. Ein kombinasjon av desse er uansett noko vi finn innanfor dei fleste jazzsjangrane, men nye element kan vokse til og dette igjen skapar nye diskusjonar.

Kva fortel dette oss? Jo, det vi kallar jazz i dag har ikkje alltid vore sjølvsagt. Det at ein må diskutere kva som kan kallast jazz tyder på at grensene er diffuse og dei er ikkje hundre prosent objektive. Nokon vil leggje vekt på nyskapning innan for jazzen, der dei ikkje er redd for å breie om seg nye sjangrar, instrument og spelemåtar, mens andre vil vere tradisjonalistar som vil halde på det gamle og det kjende. Dette gjer det vanskeleg å fortelje nokon spesifikt kva som er jazz, noko som er jazz for meg treng ikkje å vere jazz for deg.

Vi må altså sjølve gjere oss opp ei meining om nye sjangrar er jazz eller ikkje, så får framtida vise kven si meining som vinn igjennom.

13 kommentarer:

Mari sa...

så kjekt å se at du har kommet igang med den seriøse bloggen din, sånn som du hadde tenkt:)
syns du skrive mye bra, litt infløkte setninge av og til, e nok en treningssak. får trene litt på det på myrens;P derimot syns e nynorsken din e blitt masse masse bedre!! bra jobba! *muah*

Anonym sa...

Interessant å lese om tankar rundt jazzen. Faktisk har vi om nettopp jazz-historien i musikkhistorie for tida. Verkar å vere eit stort emne, som eg trur eg vil like.

Kanskje eg kjem til å kome med nokre spørsmål om jazzen i næraste framtid. Om ting eg ikkje forstår eller ikkje har fått vite. Kjekt å ha ein Torje-mann å kunne spørre.
Yeah!

Torje sa...

Innfløkte, vanskelige setninga e toppen av godhet:)

Det e bere å spør magnus, om eg kan svare kjeme an på, men kan diskutere i alle fall:)

Anonym sa...

Eg har dessverre ikkje blogg lenger, men nå har eg fått meg myspace:) Har ikkje det du og vel?

Torje sa...

Har desverre ikkje MySpace nei, kanskje en vakker dag! Ka adressa e da?

Mari sa...

ser fram til ei oppdatering her inne, torje;)

Anonym sa...

Du e tatt i tikken.. se vår blogg! Have fun! M og M!

Anonym sa...

Vist du trykke på navnet mitt komme du fram..;) Adresså e uansett http://www.myspace.com/judithkristiansen
Ikkje lika spennande å besøka som ein blogg da men...
Kjekt å lesa hos deg:) Håpe du har det fantastsik flott!

Anonym sa...

Heila navet med i adresså forresten... Altså: http://www.myspace.com/judithkristiansen

Anonym sa...

Grr.. Heila NAVNET. Altså JUDITH KRISTIANSEN. Ka skjer med lerarstudenten!?
Nok for denne gong...

Ole Bjarne sa...

Jazz yee jooo... Jazz e kjekt!!! Trur æ og kommer til å spørre dæ når æ ikkje skjønne Jazzhistorien og sånt. E litt masse å huske på der... mange navn liksom.

Kjempekjekt i Holmenkollen forestn. Det må vi gjennta en gang!

Nils Ingar sa...

du har faat bloggsisten, gratulerer!

Anonym sa...

Greit! Føle det trengs ein forklaring for adle dei sikkert lite begripelige innleggene mine... På den pc en eg satt på kom av ein eller annen grunn ikkje heila navnet mitt fram i myspaceadresså mi. Det gjere det her ser eg... Så sånt va det.